Den amerikanske draumen om Norge

I utstillinga draumenomnorge.no møter du unge vaksne norskamerikanarar i Seattle. Dei fortel om sitt syn på samfunna Norge og USA, sett i ljos av si eiga norske avstamming og ein amerikansk oppvekst. Familiane deira reiste til USA i håp om eit betre liv. No drøymer unge norskamerikanarar om gamlelandet.

Kva har Norge å seie for norskamerikananar i dag? Korleis er unge menneske knytt til ein arv og ei fortid som er så fjern, både i tid og stad? Korleis påverkar dette lengselen etter Norge hjå unge norskamerikanarar?

Speler den norske arven inn på politiske synspunkt? Fleire av dei som er intervjua er begeistra for norsk samfunnsstruktur og den norske velferdsstaten sine ordningar, men det gjeld ikkje alle. Det som er felles for alle, er kjensla av at Norge betyr noko. Alle ber i seg ein visjon og ein draum om Norge som dei held levande på ulikt vis. Kva er typisk norsk for ein norskamerikanar? Kva kan vi som bur i Norge læra om oss sjølve og «norsk kultur» gjennom auga til norskamerikanarane?

Den amerikanske draumen om Norge knyttar emigrasjonshistoria opp mot dagens amerikanske samfunn. Utstillinga turnerer i Norge i 2020, same år som det er amerikansk presidentval.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar