William Eggleston

Det er ikke bare i fototidsskrifter det skrives godt om fotografi. I dagen utgave av Bergens Tidende trekker Hilde Sandvik flere interessante paralleller mellom William Egglestons arbeider på 1960- og 70-tallet og dagens digitale fotografi.

Artikkelen har nok blitt til i etterkant av at kuratoren som gjorde Eggleston kjent, John Szarkowski døde for fire dager siden.

PÅ MIDTEN av 60-talet kom ein mann frå Memphis, Tennessee med ein boks under armen til sjefen på Samtidskunstmuseet (Museum of Modern Art) i New York. Det var fleire tusen slides i boksen, alle tekne i Memphis og Mississippi. Direktøren på MoMa, John Szarkowski, tok ein kikk på fotografia. Han hadde aldri vore i Sørstatane. Han hadde heller aldri sett slike bilete før. Men han kjende det som om han hadde sett alt før, heime hjå seg sjølv. Slik går historia.


Foto: William Eggleston
En kan blant annet se slektskapet til "vår egen" Rune Johansens fotografier.
Mest ti år seinare, i 1976, opna Szarkowski dørene til ei soloutstilling, som for alltid kom til å endre synet på fargefotografiet. Alle kritikarane var ikkje like glade for det dei såg.

«Totalt banalt. Frykteleg keisamt», skreiv ein av dei.

MANNEN SOM SKAPTE slikt oppstuss var William Eggleston. Han fekk sin eigen fotokatalog kalla opp etter seg: «William Eggleston's Guide». Det synte seg å vere ein guide til ein totalt annleis måte å sjå verda på. Ikkje i hierarki der noko er viktigare enn noko anna, men som eit demokratisk prosjekt der alt tel like mykje.


I føreordet til utstillingskatalogen skreiv John Szarkowski: «Fotografi er eit system vi kan bruke for å redigere det vi ser rundt oss. (...) Som i sjakk eller i skriving, handlar det om å velge. Når det gjeld fotografiet er det likevel ikkje snakk om ei avgrensa mengde moglegheiter å velge mellom, men ei uendeleg».

ALT KAN fotograferast, hevdar Szarkowski, ein av dei som har gjort mest for at fotografiet etter kvart kom til å bli ei viktig kunstform. «Sjølv automatiske overvakingskamera som tek bilete av folk som går inn og ut av ein bank skildrar fakta og forhold som kan overraske dei som ser på», skriv han.


I den verkelege verda - bt.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar