Jens Hauge – fotografi 1970–2012

I 2012 er det 42 år sidan Jens Hauge (1953) frå Lærdal tok sitt første fotografi. Sidan den
spede byrjinga har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande
aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande
landskapsbilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar,
kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske
landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som i 1987 kulminerte i nybrottsprosjektet Norsk
Landskap 1987, eit samarbeid med tre andre fotografar. I den seinare tid har Hauge
fotografert landskap med leikehytter og landskap tekne i fart frå buss, men òg dei nære
landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar
samstundes, over tid. Kunstnaren har med jamne mellomrom hatt utstillingar i sentrale galleri
og er representert i fleire private samlingar og i nasjonale og regionale museumssamlingar.
Denne imponerande innsatsen set han i ei særstilling mellom dei kunstnarane som i dag bur
og arbeider i Sogn og Fjordane.



skald.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar