Grusomme knips

Philip Gourevitch er intervjuet av Øyvind Vågnes i Morgenbladet. Gourevitch har skrevet bok om de ikoniske torturbildene fra Abu Ghraib, på grunnlag av en intervjuserie som dokumentarfilmskaperen Errol Morris har gjort med "fotografene".

- Philip Gourevitch, kvifor endå ei bok om det som hende i Abu Ghraib? Har ikkje den massive mengda av artiklar, bøker og filmar gitt svar på alle spørsmål?

- Mykje har vore skrive, men frå andre perspektiv enn det til soldatane som var i teneste i fengslet, dei amerikanske soldatane som arbeidde som fengselsvakter under avhøyra, og som hadde instruks om å utføre torturpolitikken frå Washington. Eg snakkar altså om soldatane som tok, og figurerte i, dei velkjende fotografia. Dette er jo første gong soldatane sjølve har teke dei definerande, ikoniske krigsbilda. For det vart dei kasta i fengsel, utan noko skikkeleg rettsleg eller offentleg prosess. Dokumentarfilmskaparen Errol Morris tok til å intervjue desse soldatane seint i 2006. Han sende meg utskrifter, og det slo meg at eg aldri før hadde høyrt slike stemmer frå Irak-krigen.
/../
- Eit viktig poeng i boka er at fotografi både informerer og feilinformerer oss.

- Fotografi er ikkje meir villeiande enn dei er sannferdige. Problemet er at vi ofte går utifrå at vi veit kva vi ser, og tek feil. Fotografi er bevismateriale, men dei er ikkje openberre. Dei krev både utforsking og etterforsking. Om alt du veit om Abu Ghraib er basert på fotografia, er du dømt til å misforstå det du ser. Du må ha forteljingane til soldatane som var der. Du må setje deg inn i politikken og dei militære ordrane som definerte deira verd. Du må samanlikne munnlege kjelder, vitnesbyrd, etterforskinga som vart gjort. Det vert sagt at eit fotografi er verdt tusen ord. I denne boka komprimerte eg bokstavleg tala fleire millionar ord frå intervjuopptak, for å forklare på nokre hundre sider kva som går føre seg i berre eit halvt dusin bilde.


Les hele intervjuet i Morgenbladet.

Mer om bakgrunnen for bildene på Wikipedia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar