Kulturminnebilder

I løpet av dei siste 100 åra har Riksantikvaren bygd opp ei stor fotosamling der kulturminne står i sentrum. Eit stort utval av desse bileta er no digitalisert og gjort tilgjengelege i fotoarkivet «Kulturminnebilder» for alle som ønskjer eit gjensyn med fortida.



"Kulturminnebilder" finn du her: http://kulturminnebilder.ra.no/

Tusenvis av bilete er tilgjengelege på nett
Førebels kan du finne ca. 5 500 bilete i det digitale fotoarkivet «Kulturminnebilder». Dette gjeld hovudsakleg bilete frå perioden 1870–1960. Fototeamet hos Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å gjere fleire bilete tilgjengelege, og etter kvart vil det også bli lagd ut bilete frå ein nyare dato.

Mange av dei eldste bileta er tatt av profesjonelle fotografar som August og Thorvald Aron Brunskow og Ole Tobias Olsen, men ein kan også finne mange bilete av amatørfotografar, som for eksempel Hanna-Marie Resvoll-Holmsen, i arkivet. Av utanlandske fotografar kan ein nemne Axel Lindahl (Sverige), C. Christensen Thomhav (Danmark) og Henry Rosling (England). Andre fotografiar er tekne av tidlegare tilsette hos Riksantikvaren.

Da Torpo nye kyrkje (til venstre) stod ferdig i 1880 ville dei rive stavkyrkja (til høgre) frå slutten av 1100-talet. Dei starta med å rive koret, men da Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja blei rivinga stansa og skipet bevart. Skyene er teikna inn på biletet, noko som er typisk for mange av bileta til C. Christensen Thomhav (1857 - 1937). Foto: C. Christensen Thomhav

Kulturminne i sentrum
For antikvarane som var på synfaring rundt omkring i Noreg var det kulturminna som stod i sentrum. Derfor finn du knapt eit menneske på bileta. Sjølv om samlinga er dominert av bygningar, er også andre kulturminne som for eksempel byprospekt og foto frå arkeologiske utgravingar godt representerte i «Kulturminnebilder». Og kikkar du nøyare etter, kan du også finne meir sjeldne foto som stereoskopi.

Ikkje berre når det gjeld motiv, men også fototeknisk, speglar fotosamlinga til Riksantikvaren ei historisk utvikling. I samlinga er mange ulike teknikkar representerte, og bileta er digitalisert frå både papirkopiar, glassplater og negativ film.
Cyanotypi er ein fototeknikk der cyanid- og jernforbindelsar inngår i framstillinga av fotografiet. Biletet blir da cyan-blått, som dette biletet av Rønvik psykiatriske sjukehus. Metoden var kjent frå andre bruksområde før han blei brukt i framstillinga av fotografi av ein av dei første kvinnelege fotografane i verda, engelske Anna Atkins (1799–1871). Teknikken blei mest brukt i perioden 1890–1910. Foto: ukjend © Riksantikvaren
Bruk av bileta
Bileta er høgoppløyselege og du kan bruke dei fritt til ikkje-kommersielle formål, som for eksempel i samband med utdanning, forsking eller til privat bruk. Ta kontakt med bildearkiv@ra.no for avtale om kommersiell bruk av bileta.
Ein del av arkitekturutdanninga ved Tegneskolen i Kristiania var studiereiser der teikning og oppmåling av eldre bygningar stod på timeplanen til studentane. Herman M. Schirmer, som var overlærar ved skulen før han blei riksantikvar i 1912, leia arbeidet. På dette biletet er det garden Bjørnstad i Vågå som blir måla opp i 1898. Foto: ukjend © Riksantikvaren
Nidarosdomen sett frå nordaust. Biletet er frå 1871, rett etter at dei store restaureringsarbeida ved katedralen starta. Seinare fekk oktogonen (tårnet til venstre med barokk tårnhjelm) spisst spir og hovudtårnet med lågt pyramidetak blei høgare. Foto: ukjend © Riksantikvaren

Har du lyst til å sjå fleire bilete frå det digitale fotoarkivet? Gå til "Kulturminnebilder" her: http://kulturminnebilder.ra.no

Bileta i «Kulturminnebilder» er også tilgjengelege gjennom mobilapplikasjonen «FotoWeb Desktop» for iPhone (også i betaversjon for Android).

Kilde: Riksantikvaren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar